English version of this page

FRITT - Frie tidsskrifter fra UiO

FRITT er ei publiseringsteneste for forskarar og fagmiljø ved UiO som ynsker å starte opp fagfellevurderte Open Access-tidsskrift, eller gjere om allereie eksisterande tidsskrift til Open Access.

Starte nytt tidsskrift

Kva tilbyr UB?

UB er ansvarleg for FRITT-tenesta og tilbyr støtte til brukarane av tenesta. Her er ein oversikt over kva ein kan forvente: 

  • Tilgang til å bruke FRITT-plattforma, eit publiseringsverktøy som i tillegg til publisering òg inkluderer administrative verktøy til bruk i prosessar rundt fagfellevurdering, redigering mm.
  • Hjelp og rådgjeving i samband med etablering av eit nytt tidsskrift eller overføring av eit allereie eksisterande tidsskrift til tenesta
  • Brukarstøtte og hjelp til løysing av tekniske problem
  • Hjelp til å betre tidsskriftets innflytelse/gjennomslag. Indeksering, registrering i online katalogar mm.
  • UB dekkjer òg utgifter til permanente identifikatorar (URIar). For tida er det DOI systemet som er i bruk.

Tidsskrifta vert forventa sjølv å handtera dagleg administrasjon samt redaksjonelle prosesser. Teknisk drift av servere vert gjort av USIT.

Kriterium for bruk av FRITT-tenesten

  1. Tidsskriftet skal vere Open Access.
    1. Tilgang skal vere gratis
    2. Tilgang skal ikkje ha sperrer i form av brukarnamn/passord eller på ip-adresse
  2. Tidsskriftet skal ha rutiner for fagfellevurdering og skal tilfredsstille krav til eit nivå 1-tidsskrift.
  3. Tidsskriftet godtek som minstekrav:
    1. Forfattarar som publiserer i eit FRITT-tidsskrift beheld opphavsrett til sin artikkel, men gjer tidsskriftet rett til å vere første utgjevar.
    2. Når artikkelen er publisert står forfattaren fritt til å leggje den publiserte versjonen av artikkelen på si eiga nettside, i vitenarkiv eller emnebasert arkiv utan å måtte spørje tidsskriftet om dette, så sant tidsskriftet krediterast som utgjevar.
  4. Tidsskriftet skal ha tilknyting til Universitetet i Oslo. Til dømes skal redaktør, redaksjonsmedlemmar eller tidsskriftets administrative personale vere tilsett ved institusjonen.
  5. Tidsskriftet må ha en realistisk utgjevingspolitikk og årleg gje ut minimum seks artiklar eller fagfellevurderte bidrag i andre former.
  6. Tidsskriftet må lisensiere publiserte artiklar med ein Creative Commons lisens
  7. DIFIs krav til universell utforming følgjes så langt som det er mogeleg på artikkelnivå, mellom anna kan ikkje bilde-pdf brukast.
  8. Om retningslinjene ikke følgjes, kan UB fjerne tidsskriftet frå FRITT.

Tilfredsstiller ditt planlagte tidsskrift desse kriteriane? Ta i så fall kontakt med FRITT-teamet som hjelper deg vidare.

Støtte til FRITT-brukarar

Dette er ressursar for redaktørar, redaksjonssekretærar og andre som har ansvar for eit FRITT-tidsskrift.

Finn Open Access-tidsskrift

 

Kontakt FRITT-teamet:

fritt-info@journals.uio.no

Publisert 26. jan. 2015 10:58 - Sist endra 8. juli 2022 09:33