English version of this page

Spesialrom

Spesialromma ligg i biblioteket og er tilgjengelege for brukarane våre, enten det er for ulike tenester eller i samband med kurs, workshop og arrangementer.

Leserom for eldre materiale

Delar av samlinga vår kan ikkje lånast ut frå biblioteket. Noko av dette lyt lesast i eit eige leserom for eldre materiale. Leserommet ligg i 1. etasje. 

Multimediarom

Multimediarommet ligg i 1. etasje. Der finn du utstyr til å sjå på DVD-ar, lytteutstyr for CD-avspeling og avspelingsmaskiner for mikrofilm og mikrofiche.

Læringsoasen

Læringsoasen ligg i 2. etasje i biblioteket, og er eit av kursromma våre. 

Kursrommet (grupperom 9)

Rommet ligg i 3. etasje i Georg Sverdrups hus (i området utanfor sjølve biblioteket).
 

DSC-Oasen

Her har Senter for digital forskarstøtte treffetider, i tillegg til at det blir arrangert workshops, kurs og mindre arrangementer. DSC-Oasen finn du i HumSam-biblioteket, innerst i 1. etasje i Georg Sverdrups hus.

Akademisk skrivesenter

Akademisk skrivesenter er open for studentar og forskarar som ynskjer å utvikle si eiga skriving. Skrivesenteret finn du i HumSam-biblioteket, innerst i 1. etasje i Georg Sverdrups hus.