English version of this page

Multimediarom

I multimediarommet har vi utstyr til å sjå på DVD'ar, lytteutstyr for CD-avspeling, og avspelingsmaskiner for mikrofilm og mikrofiche. 

Utstyr

  • DVD/Blu-ray-spelar med USB-port
  • 1 kassettspelar 
  • 1 cd-spelar 
  • 1 mikrofilm-/mikrofiche-lesar tilkopla pc for skanning/nedlasting 

DVD

Frå DVD-samlinga vår i magasinet kan du bestille fram materiale du ønskjer å sjå på. 

I Multimediarommet kan du spele av både dette materialet, og materiale innlånt frå andre bibliotek. Husk å levere inn innlånt materiale i skranken etter bruk kvar dag. 

PS: Vi har framleis ei VHS-samling til utlån, men denne må ein spela av heime.

CD 

Det er også mogleg å lytte til musikk frå bibliotekets CD-samling. CD-samlinga består av over 4000 CD-er i ulike sjangrar. 

Mikrofilm og mikrofiche 

Rommet har også utstyr for bruk av mikrofilm og mikrofiche. 
Mikrofilm og mikrofiche er mikroreproduksjonar av dokument på film. Mikrofilm er lagra på spole og mikrofiche på flate ark. 

Tilgang 

Rommet kan brukast i heile opningstida ved biblioteket, og du treng ikkje reservere det. Spør i skranken i 1. etasje om eventuell hjelp til bruk av utstyret. 

Bibliotekets ordensreglar gjeld, og i tillegg er det ikkje lov å ta med mat og drikke inn.  
 
Multimediarommet finn du i 1. etasje. 
 

Publisert 23. mars 2009 16:41 - Sist endra 3. juli 2024 17:38