Mars

Planeten Mars har lenge hatt en plass i science fiction.

Giovanni Schiaparelli såg på Mars med teleskop og såg regelmessige stripar, noko han tolka som kanalar, og gjennom ei feilomsetjing blei den gjengse oppfatninga at intelligente vesen hadde bygd vatningssystem. Astronomen Percival Lowell skreiv om eit Mars befolka av ein  eldgammal, avansert sivilisasjon frå 1895.

Når ein snakkar om rein fiksjon var Mars før 1800-talet sjeldan meir enn ein av mange stoppestader på ei kosmisk reise, der innbyggarane gjerne var krigerske, når den i det heile tatt var med. Men månen var ein tørr, kald, livlaus stad, og ikkje lenger attraktiv som setting, og da tok Mars over, ofte med ein utopisk sivilisasjon og som ein kommentar til korleis forholda på Jorda var. Mars blei òg ein ny «frontier» etter at den amerikanske Vesten var blitt sivilisert.

Sjekk særleg ut desse:

  • War of the Worlds, H.G. Wells
  • The Martian Chronicles, Ray Bradbury
  • Red Mars, Kim Stanley Robinson
  • The Martian, Andy Weir

Frå 50-talet av blei det nye temaet problema ein ny romkoloni møter på; opprør mot styre frå Jorda, konflikt om ein skulle terraforme planeten eller la den vere naturleg og korleis menneska fysiologisk tilpassa seg det nye miljøet.

Men: Bileta frå Mariner- og Viking-sondane på 60- og 70-talet stadfesta at òg Mars var tørt og livlaust, og science fiction om den raude planeten gjekk i dvale.

Det snudde rundt midten av 80-talet. Med nye ekspedisjonar og grupper som Mars Underground og The Mars Society kom Mars igjen på bana. Svaret var estetiske draumar om terraforming og eit utopisk samfunn. I det siste har realistiske visjonar om den nære framtida på Mars blitt rådande. Likevel ser vi stadig ekko av den romantiske ideen om planeten.

Av Tone Rossow
Publisert 23. mars 2018 15:05