Den guddommelege poeten

Dante, av den lågadelege familien Alighieri, vart fødd under Tvillinganes teikn i Firenze i 1265 – om vi godtek tradisjonane om at reisa gjennom dødsrika skjedde ved påsketider 1300, og at «Midtveges fram i gonga gjennom livet» tyder «i 35 års-alderen». Han vaks opp i Firenze, og var som ung med i eit miljø av permanent forelska unge menn som skreiv dikt til sine damer i tradisjonen frå dei Provençalske trubadurane. Ungdomsverket Vita nova, «Det nye livet» er ei samling av desse dikta voven inn i ei prosaforteljing om kjærleiken til Beatrice. Seinare blei Dante meir interessert i filosofi, og skreiv lærde traktatar både på latin og italiensk om filosofi, politikk og litteratur. Han var aktiv i dei politiske stridane i bystaten, og blei i 1302 landsforvist. Dei siste 20 åra levde han ulike stader i Nord-Italia, som hoffmann og diplomat, studerte og skreiv på det store diktverket sitt, Komedien. Han døydde i 1321, i Ravenna.

Ungdomsdikta og dei lærde traktatane er interessante nok og er verd å lesa. Men Den guddommelege komedien står i ei særstilling i den litterære kanonen. Den finst i meir enn 800 handskrifter frå mellomalderen, meir enn nokon annan bok utanom Bibelen. Og allereie i dei fyrste generasjonane etter Dante vart boka kommentert etter mønster av Bibelen og dei klassiske latinske forfattarane.

Ei trykte utgåve kom i 1472, og fram til våre dagar har verket vore ein ryggrad for italienske boktrykkarar og forleggjarar – og for filologar som har produsert nye kommentarar og redigert tekstar. 3-bindsutgåva her, frå 1791, er typisk.

Kommentaren, lærde funderingar og forklaringar med biografiar over personane vi møter, tek meir plass enn teksten. Illustrasjonane viser korleis dødsrika ser ut og heng saman. Desse kommentarane og illustrasjonane legg rammer for tolkinga av verket, rammer som gjer verket leseleg, men som òg kan hende gjer Dantes store dikt mindre mangslunge og interessant enn det eigentleg er.

Det andre praktverket som ligg her er faksimile av eit overdådig illustrert manuskript frå Urbino på 1470-talet. Her er det ingen kommentarar – lesaren var meir interessert i poesien og forteljingane. Vi har opna boka på Inferno V, der dei to elskande Paolo og Francesca fortel om korleis dei «sat og las ein dag for berre hugnad» i ein kjærleiksroman, og blei drivne til å etterlikne handlinga i boka, før hennar ektemann overraska dei og drap dei begge slik at dei no i all æva blir kasta hit og dit i lidenskapens ville vindar i den andre krinsen i Helvetet.

Deler av utstillingen

Introduksjon

Glassmonter 1: Dantes Komedie gjennom hundreåra

Glassmonter 2: Den guddommelege poeten

Glassmonter 3: Omsetjingar

 

 

Ressurser