Omsetjingar

Den første komplette omsetjinga av Den guddommelege komedie til norsk (nynorsk), av Magnus Ulleland, kom på Gyldendal så seint som i åra 1993-1996. Ulleland nytta Dantes versemål, ellevestavingsverset, endecasillabo, men han ga avkall på originalen sitt rim-skjema, terza rima, ei strofeform der enderima blir kjeda saman etter eit mønster aba bcb cdc ded og så vidare. Dette kompromisset i formkravet gjer at denne omsetjinga nøye følgjer meininga av Dantes tekst, vers for vers – samstundes som rytmen i versa gjev omsetjinga ein fin klang. Den litt arkaiske språkføringa gjer nok at enkelte kan kjenna at denne omsetjinga ikkje er så lettlesen – men der kan ein skyte inn at Dante nok ikkje er så lett å lesa for ein som har italiensk som morsmål, og neppe var det for 700 år sidan heller. Heller ikkje omsetjinga til Henrik Rytter og Sigmund Skard, av eit utval på 42 av dei 100 songane, gjeve ut av Det norske samlaget i 1965 er lettlesen. Den omsetjinga nyttar terza rima, noko som gjer at det kling vakkert, men ikkje følgjer originalen like nøye vers for vers. Vi ventar enno på ei omsetjing til bokmål. I mellomtida vel mange å lesa Komedien i Ole Meyers danske omsetjing frå 2000, som òg nyttar ellevestavingsverset men ikkje terza rima.

Det er heller ikkje mykje av Dantes andre verk som er omsett til norsk. I 2006 ga Espen Grønlie ut ei omsetjing med kommentar av den ufullførte traktaten De vulgari eloquentia ”Om diktning på folkespråket”.

Vi har også funne plass i monteren til ein teikneserieversjon av Inferno, teikna av den italienske teikneserieskaparen Marcello Toninelli, med norsk tekst basert på Ulleland si omsetjing. Han er typisk for den leikne haldninga til kulturarven som ikkje er uvanleg i Italia.

Deler av utstillingen

Introduksjon

Glassmonter 1: Dantes Komedie gjennom hundreåra

Glassmonter 2: Den guddommelege poeten

Glassmonter 3: Omsetjingar

 

Ressurser