Skrifter frå Universitetsbiblioteket i Oslo

Redaksjonelle retningslinjer

Kven kan publisere?

Som hovudregel skal forfattaren vere knytt til Universitetsbiblioteket i Oslo på ein eller annan måte. Eventuelt kan emnet gjelde bibliotek og bibliotekvesen eller delar av samlingane ved biblioteket. Redaksjonen avgjer i kvart einskild tilfelle om andre tilsette ved Universitetet i Oslo eller andre kan publisere i skriftserien.

Språk

Hefta kan skrivast på alle språk som er relevante for innhaldet og avgrensa av kva det faktisk er mogeleg å gi ut (trykt og elektronisk), og kva redaksjonen kan finne ein sakkunnig for å vurdere innhaldet av.

Føresetnader

Som husserie kjem aldri publikasjonar i skriftserien til å gi utteljing ved vitskapleg vurdering eller forskingsbevillingar etter dei reglane som er gitt av Universitets- og høgskulerådet. For publikasjonar med eit praktisk innhald spelar dette inga rolle. Det er annleis for publikasjonar med eit vitskapleg sikte. Difor bør vitskaplege publikasjonar berre vere slike som vanlegvis verken bør eller lèt seg publisere på annan måte. Det kan vere ulike grunnar til det:

  • formatet – for stort til å vere artikkel, for lite til å vere bok
  • førebels utgåve – særleg viktig i ei tid då arbeidstidsskrifta elles i universitetsverda har gått inn av økonomiske årsaker eller fordi dei nettopp er hustidsskrift som ikkje gir utteljing
  • innhald som ikkje kommersielle forlag vil gi ut – materialsamlingar, statistisk materiale osv. som normalt kan passe i rapportseriar. (Dei fleste vitskaplege artiklar på eit høgt nivå føreset ei større undersøking og eit materiale som det ikkje er rom for å få med i artikkelen)
  • innhald som i og for seg ikkje held ein høg, internasjonal standard, men som det likevel er av verdi å få publisert

Publikasjonar av det praktiske slaget bør ha noko med biblioteket eller med bibliotekvesen å gjere.

Kvalitet

Innhaldet i skriftene treng ikkje vere av ypparste kvalitet. Godt er bra nok. For praktiske skrifter vil det seie at innhaldet skal vere nyttig og rett som eit minstemål. For vitskaplege skrifter må innhaldet anten vere interessant og referere til ei vitskapleg undersøking som er utført etter haldbare metodar, eller det må referere til eit materiale som er interessant i ein vitskapleg samanheng. Innhaldet kan ikkje ha vore publisert andre stader tidlegare.

Kontroll

For praktiske skrifter: Eitt medlem av redaksjonen leser manuskriptet og innstiller på publisering eller ikkje til redaksjonen, som gjer vedtak. Der det er nødvendig, les ein sakkunnig som ikkje er med i redaksjonen manuskriptet. Ved tvilstilfelle les alle i redaksjonen manuskriptet.
For vitskaplege skrifter: Det av medlemmene av redaksjonen som kjenner best til det fagområdet manuskriptet gjeld, les det og vurderer innhaldet. Når ingen av medlemmene av redaksjonen har vitskapleg kompetanse innan det fagområdet det gjeld, kjem òg ein uavhengig sakkunnig til å lese og vurdere manuskriptet. Av praktiske grunnar kan redaksjonen òg godta at forfattaren viser til ein uavhengig forskar som allereie har lese manuskriptet, og som kan gå god for at innhaldet held eit vitskapleg nivå.

All vurdering skjer under fullt namn. Anonyme sakkunnige blir berre brukte i unntakstilfelle.

 

Publisert 27. aug. 2008 12:10 - Sist endret 6. nov. 2018 09:31