Samlingspolitikk for Universitetsbiblioteket i Oslo

  • Universitetsbiblioteket sine samlingar skal reflektere og dekkje den faglege breidda og dei faglege satsingane til Universitetet i Oslo.
  • Universitetsbiblioteket skal samarbeide med fagmiljøa om å byggje opp og utvikle samlingane.
  • Universitetsbiblioteket si samling må sjåast i samanheng med samlingar ved andre UH-bibliotek og Nasjonalbiblioteket.
  • Samlingane skal i størst mogeleg grad vere elektronisk tilgjengelege. Når materialet  finst i både trykt og elektronisk utgåve kan ein få tak i trykt materiale der dette er fagleg nødvendig.
  • Universitetsbiblioteket skal sikre varig tilgang til samlingane, både trykte og elektroniske.
  • Universitetsbiblioteket skal sikre og forvalte samlingane av eldre verdifull litteratur.
  • Universitetsbiblioteket skal drive aktiv samlingspleie ved å nytte magasinering, deponering og kassasjon. Samlingane skal ikkje innehalde unødvendig dublering.
  • Mottak av gåver skal følgje dei same retningslinjene som ordinære innkjøp. Universitetsbiblioteket skal stå fritt til å disponere materialet.

Vedteke av bibliotekdirektøren 5. mars 2013


 

Publisert 7. mars 2013 09:41 - Sist endret 22. mai 2018 10:47