English version of this page

DOI

Tidsskrift publisert på FRITT-tenesta rådast til å bruke DOI-identifikatorar fordi artiklane då får ein varig identifikator som alltid vil fungera sjølv om eit tidsskrift vert flytta. Når desse brukast som lenkjer i siteringar osv. er ein og sikker på at desse ikkje vert brotne. Systemet mogleggjer og overvaking av siteringar.

DOI administrerast i hovudsak av tidsskriftet sine administratorar, UB registrerar DOIane hjå Crossref.org.

Referanselister

For alle artiklar det registrerast DOI for må referanselista oppdaterast med DOI der dette finnast. Lim inn referanselista i dette nettskjemaet: http://www.crossref.org/simpleTextQuery og få doi-nummer i retur for alle artiklar som har DOI frå før. Husk å registrera deg for å bruke tenesta.

Eksempel tatt frå litteraturlista til ein artikkel publisert i The Journal of Electrical Bioimpedance (JEB):

Joglekar YN, Wolf SJ. The elusive memristor: properties of basic electrical circuits.  European Journal of Physics. 2009;30:661. Available from: http://iopscience.iop.org/0143-0807/30/4/001.

Lenkja erstattast med artikkelens DOI slik:

Joglekar YN, Wolf SJ. The elusive memristor: properties of basic electrical circuits.  European Journal of Physics. 2009;30:661. Available from: http://dx.doi.org/10.1088/0143-0807/30/4/001.

DOI oppsett i OJS

En DOI-id består av eit prefiks og eit suffiks. Prefikset består av UB sin DOI kode, suffikset er særeigent for kvart tidsskrift og kan ha ulike format. UB har bestemt at formen på doi-suffikset skal ha ein av fylgjande former:

  •     Suffikset skal starta med tidsskriftsakronym
  •     Suffikset inneheld FRTT artikkel-id.
  •     Me tilrår i tillegg at dei er på formen:
    1. tidsskriftsakronym.ojsartikkel-id (f.eks. jeb.5344)
    2. tidsskriftsakronym.volum.ojsartikkel-id (f. eks: jeb.v3.5344)
    3. tidsskriftsakronym.volumoghefte.ojsartikkel-id (jeb.v3i1.5344)

Elementa nemnt over er innarbeida i FRITT sin DOI-generator og vil gjere arbeidet enklare. Sidetal er mogeleg å bruke, og brukast av nokre tidsskrift, men me meiner at sidetal ikkje er å tilråde. Suffikset bør vere så kort og enkelt som mogeleg, og kombinasjonane ovanfor er nok til å gjere prefikset unikt. Me tilrår difor alternativ i.

Akronym er allereie definert i Journal setup.  Vidare konfigurasjon for DOI vert gjort her:

Home -> User -> Journal Management -> System Plugins -> Public Identifier Plugins ->

  • Under headingen DOI, velg «Enable» og klikk på «Settings», velg «Articles» i lista.
  • DOI Prefiks – legg til UB sitt DOI Prefiks 10.5617
  • Suffiks – velg mønster som beskrive over. Sjekk at øvste radioknapp er vald og registrer DOI suffiks form:
  1. Akronym.artikkel-id registreres som: %j.%a
  2. Akronym.volum.artikkel-id registreres som: %j.%v.%a
  3. Akronym.volumoghefte.artikkel-id registreres som: %j.%v%i.%a

Me tilrår at FRITT tidsskrifta kun tilordnar DOI på artikkelnivå. Fyll difor kun ut detaljar for articles.

Tilordning av DOI på enkeltartiklar

Systemet tilordnar DOI per artikkel, desse må eksporterast, sjekkast og sendast til CrossRef som er vår DOI-leverandør. Innsending vert ordna av UB.

  1. Sjekk at alle artiklar har sidetal
  2. Eksporter DOI xml, denne kan vere per artikkel, for fleire artiklar, per hefte eller for fleire hefter.  Gå til: Home -> User Home -> Journal Management -> Import/Export Data -> CrossRef XML export plugin. Vel om du vil eksportera artiklar eller hefte, kryss av for kva hefte eller artiklar du vil ha DOI eksport frå og trykk «Export».
  3. Sjekk at <registrant>  tag har formen: University of Oslo Library
  4. Om ein brukar Programutvidelsen QuickSubmit må dato kanskje leggast til
     
  5. Send fila til UB, helst til adressa fritt-info@journals.uio.no. Me validerar xml fila og registrerar DOIane hjå CrossRef.           

Lurer du på noe?

Send gjerne epost til: fritt-info@journals.uio.no

Publisert 26. jan. 2015 10:57 - Sist endra 10. des. 2020 14:38