Starte nytt tidsskrift
Kva tilbyr UB?
UB er ansvarleg for FRITT-tenesta og tilbyr støtte til brukarane av tenesta. Her er ein oversikt over kva ein kan forvente:
- Tilgang til å bruke FRITT-plattforma, eit publiseringsverktøy som i tillegg til publisering òg inkluderer administrative verktøy til bruk i prosessar rundt fagfellevurdering, redigering mm.
- Hjelp og rådgjeving i samband med etablering av eit nytt tidsskrift eller overføring av eit allereie eksisterande tidsskrift til tenesta
- Brukarstøtte og hjelp til løysing av tekniske problem
- Hjelp til å betre tidsskriftets innflytelse/gjennomslag. Indeksering, registrering i online katalogar mm.
- UB dekkjer òg utgifter til permanente identifikatorar (URIar). For tida er det DOI systemet som er i bruk.
Tidsskrifta vert forventa sjølv å handtera dagleg administrasjon samt redaksjonelle prosesser. Teknisk drift av servere vert gjort av USIT.
Kriterium for bruk av FRITT-tenesten
- Tidsskriftet skal vere Open Access.
- Tilgang skal vere gratis
- Tilgang skal ikkje ha sperrer i form av brukarnamn/passord eller på ip-adresse
- Tidsskriftet skal ha rutiner for fagfellevurdering og skal tilfredsstille krav til eit nivå 1-tidsskrift.
- Tidsskriftet godtek som minstekrav:
- Forfattarar som publiserer i eit FRITT-tidsskrift beheld opphavsrett til sin artikkel, men gjer tidsskriftet rett til å vere første utgjevar.
- Når artikkelen er publisert står forfattaren fritt til å leggje den publiserte versjonen av artikkelen på si eiga nettside, i vitenarkiv eller emnebasert arkiv utan å måtte spørje tidsskriftet om dette, så sant tidsskriftet krediterast som utgjevar.
- Tidsskriftet skal ha tilknyting til Universitetet i Oslo. Til dømes skal redaktør, redaksjonsmedlemmar eller tidsskriftets administrative personale vere tilsett ved institusjonen.
- Tidsskriftet må ha en realistisk utgjevingspolitikk og årleg gje ut minimum seks artiklar eller fagfellevurderte bidrag i andre former.
- Tidsskriftet må lisensiere publiserte artiklar med ein Creative Commons lisens
- DIFIs krav til universell utforming følgjes så langt som det er mogeleg på artikkelnivå, mellom anna kan ikkje bilde-pdf brukast.
- Om retningslinjene ikke følgjes, kan UB fjerne tidsskriftet frå FRITT.
Tilfredsstiller ditt planlagte tidsskrift desse kriteriane? Ta i så fall kontakt med FRITT-teamet som hjelper deg vidare.
Støtte til FRITT-brukarar
Dette er ressursar for redaktørar, redaksjonssekretærar og andre som har ansvar for eit FRITT-tidsskrift.
- Open Access policies
- Digital Object Identifier (DOI) rettleiing
- Directory of Open Access Journals (DOAJ)
Finn Open Access-tidsskrift